browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

DS Fyresdølen

DS Fyresdølen

På Fyresvatn var det dampbåt alt frå 1876 då D/S «Fyresdal», seinare M/S «Teisner», vart satt i drift. Denne hadde som oppgåve både transport av passasjerar og fløyting av tømmer. Dette var ein vanskeleg kombinasjon og det vart ynskje om ein båt berre til passasjertrafikk. I 1913 kom det difor ein ny båt på Fyresvatn som fekk namnet D/S «Fyresdølen». Den er bygd vedKristiansands Mek. Verksted og frakta med båt opp til Bandaksli. Vidare gjekk det på landevegen før delane kunne setjast saman på stranda ved Fyresvatn.

Båten kosta kr. 45.000, men så var det og ein stor og fin båt. Den var 67,7 fot lang, 14,6 fot brei og 10,2 fot djuptgåande. Tonnasjen var 69 brt. Båten var enkel og praktisk utført. På hovuddekket var det styrhus med ein liten lugar for kapteinen. Litt lenger bak på same akterdekk var der ein røykesalong med plass til ti personar. Akter var også nedgang til hovuddekket og der var akterut ein stor salong med benkar langs skipssida rundt akterskipet. Der var og plassera eit stort spisebord. Litt framover var skipets maskinrom og kjelerom. Heilt framme var eit lite krypinn for mannskapet og soveplass for tre personar. Denne nye båten var litt større enn den gamle og kunne ta med seg 113 personar i fast rute mellom Kilegrend og Kyrkjebygda. Båten tok óg med seg post.

Rute for eimbåten «Fyresdølen»

Opp gjennom åra hadde båten variable rutetider. I 1929 gjekk båten frå Kilegrend kl. 7.30 om morgonen til Kyrkjebygda, med retur derfrå kl. 11 på formiddagen.

Eigar av det nye dampskipet på Fyresvatn var A/S FYRESDAL DAMPSKIPSELSKAP v/disponent K. Kiland og kaptein Tarjei Skåmedal.

1932 dukka det opp ein konkurrent på Fyresvatn, «Trygg II», som byrja med rutefart to gonger i veka, onsdag og laurdag. Etter 2. verdskrig vart det på nytt stor bruk for transport av folk, og ikkje minst av varer, og D/S «Fyresdølen» var atter i si vanlege rute.

1951 var siste sesongen for dampskipet «Fyresdølen». Sakte, men sikkert, var vegen langs Fyresvatn blitt ferdig og transporten kunne gå over frå båt til bil.

Den gamle dampbåten vart lagt opp, og alt vinteren 1951/1952 sokk den ved Kilegrend brygge på grunn av store mengder med snø og uhell ved fjerning av denne. Det vart gjort fleire freistnader på heving, men det lukkast ikkje, og båten grov seg berre ned i botnen. Den ligg i skvalpeskiktet for ein stor del og vert meir og meir nedbroten. Ved lågt vatn kan ein i 2011 enno sjå store delar av akterskipet.

D/S «Fyresdølen» har vore vurdera med tanke på bevaring og Fyresdal Bygdemuseum har mykje data samla om båten, dette er verdfullt for ettertida.

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar